Avtalar

Jernbanedirektoratet inngår avtalar som sikrar at vi varetar heilskapen og samanhengane i eit velfungerande jernbanesystem.

Jernbanedirektoratet skal vere ein krevande kjøpar og utvikle, inngå og følge opp forretningsmessige avtalar med aktørane i jernbanesektoren. Vi må koordinere avtalane slik at dei saman bidrar til å nå dei felles overordna transportpolitiske måla. Avtalane skal legge til rette for at vi oppnår mest mogleg nytte for avtalt betaling og innovasjon.